Haldninga er halve jobben

La gå; mange av dei som kjenner meg veit vel at eg vil ha veldig lett for å dra ein spydig kommentar eller tre etter å ha lese ein leiarteig i ei lokal bygdeavis der framgangen og optimistgrunnlaget i kommunen vert argumentert for på dette viset:

Suldal husar store nasjonale konferansar som landsmøtet til Noregs Mållag og landstinget for Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Dette er gode døme på at store mål er mulege å oppnå sjølv om ein er liten.

Men – MEN – i dag skal eg la spydigheitene liggja. Greitt nok at Suldal har eit godt stykke igjen til å verta nokon kulturmetropol, og greitt nok at Noregs Mållag og LNK sine landsmøte/landsting – med all mogleg respekt å melda – kanskje ikkje vert omtalte som «store, nasjonale konferansar» i tide og utide. Det ligg likevel ein lærdom her som eg var inne på for nokre dagar sidan, og som kanskje særleg er relevant for sjølvpiskande rogalendingar, nemleg det å tora å også ta små sigrar som nettopp det – sigrar.

Når eg tenkjer over det, er ikkje målfolket så beint ulike rogalendingane på ein del område. I begge leirar kan dei få til ein heil del, men samstundes slita med at mange internt ikkje kan kjenna att ein siger når dei ser han. Nettopp difor er det viktig at der er nokon – i dette tilfellet suldølane – som gler seg over den framgangen og det potensialet som finst, i staden for å framstilla dei små sigrane som var dei tilbakeslag. Eit godt døme på det siste kan jo vera Stavanger Aftenblad si symptomatiske «Viking videre uten å imponere»-overskrift etter at Viking slo EIK med fire mål i Noregsmeisterskapen i helga.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.