Det hender frå tid til annan at me som bryr oss om nynorsken – under nemninga «målrørsla», «nynorskfolket», eller liknande – får pepar for å vera for surmaga og klagande. Kan henda er det også ei kjerne av sanning i det, jamvel om eg er ganske overtydd om at det er eit bitte lite mindretal som øydelegg ryktet til ei brei folkerørsle. Det tenkjer eg her og no også å demonstrera i dobbel forstand, det vil seia ikkje berre ved å svara på kritikken med eit venleg smil og positivt innhald, men ved å visa til konkrete døme på korleis målrørsla spreier kjærleik og blomebukettar i eit imponerande tempo.
Dei siste tre dagane har ulike aktørar i rørsla delt ut ikkje mindre enn seks (!) prisar og utmerkingar. Eg nemner i fleng: Alf Helleviks Mediemålpris til Harald Thingnes (som tilfeldigvis er firmenningen(?) min), Samlagsprisen til Brit Bildøen, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris til Lars Moa (dette må vel vera det heftigaste namnet på ein nynorskpris!), Hulda Garborgs reisestipend til Svein Erik Brodal, Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin pris for offentleg målbruk til Sogndal Fotball (denne konkurrer for så vidt med Sokneprest-prisen i namnespørsmålet) og ikkje minst den ovgjæve Kringkastingsprisen til John Skien.
For uinnvigde lesarar er det kanskje lett å tenkja at jau, jau, så var vel det årets målprisbonanza og ferdig med det. I så fall er det berre å tru om att. Prisgaloppen denne veka er berre kulminasjonen av ein lang og intens målprissesong, som oftast tek til litt utpå nyåret, når alle dei lokale mållaga skal dela ut sine respektive målprisar, målblomar, målknivar og andre målartefaktar for å verdsetja viktige krumtappar i den nynorske arken. Og for å ha det presisert: At frekvensen er høgast på våren tyder ikkje at der ikkje er nokre prisar på hausten. To av dei mest prestisjetunge (ja, kall meg inhabil …), Dialektprisen som vert delt ut av Norsk Målungdom og Kringkastingsprisen som vert delt ut av Kringkastingsringen, er mellom prisane som til vanleg vert delte ut i hausthalvåret. Å driva målsak er med andre ord ein heilårsfest.
Spørsmåla som melder seg i eit nyfike gutesinn som mitt eige, er kor mange nynorskprisar finst det eigentleg, og – sjølvsagt – kva for nokre heng høgast? Eg har nemnt Dialektprisen og Kringkastingsprisen som to av dei gjævaste, og i det selskapet høyrer vel også Målprisen til Noregs Mållag heime – kanskje også med Nynorsk kultursentrum sin Årets nynorskbrukar som «outsider», som det heiter på sidemål. Dette trur eg nesten eg må greia ut om på eitt eller anna tidspunkt. Skal tru om det kunne vore ei bra tabloidsak til NMU-medlemsbladet Motmæle?
Eg trur eg har laga ei sak om dette i Kringom ein gong, men då tok eg berre føre meg mediaprisane. Trur dei største kategoriane er media og litteratur, iallfall av dei nasjonale prisane.
Det trur eg nok du har rett i. I morgon skal det jo t.d. avgjerast kven som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar (som òg kjem høgt opp i klassen for «målprisar med lange og urytmiske namn»).
Eg stemmer for tabloidsak! «Inflasjon i målprisar – målungdom uroa for konsekvensane», sjølvsagt utan verballedd.
Men nei, eg saknar ei oversikt over desse prisane. Var fleire der eg ikkje hadde høyrt om. Kan jo vere greitt å vite om dei. Det må vere kjedeleg å få ein pris ingen veit om?
Eg kan nesten sjå det for meg:
«- Eg prisar meg lukkeleg, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård. Han meiner av prinsipp at kvar ein nynorskpris er ein god nynorskpris. Kultursentrumshovding Ottar Grepstad har ein noko meir differensiert målpristaksonomi:
- Vi er først og fremst nøgde med å ha dei største pengepremiane. Det gjer at det naturlegvis er våre prisar som heng høgast, og eg vil gjerne minne om at vi har vore i denne posisjonen heilt sidan Nynorsk kultursentrum overtok tronen som den tyngst statfinansierte nynorskinstitusjonen i landet, utdjupar Grepstad.
- I Målungdomen er vi sjølvsagt positive til at andre deler ut prisar, men prisen vår – Dialektprisen med stor D og i bunden form eintal – heng nok vesentleg høgare enn dei andre. Ikkje berre har vi erstatta pengesummar med ungdomeleg takksemd og entusiasme, men vi lagar altså attpåtil eit skikkeleg glorete diplom som vi trykkjer opp til den nette kostnaden av kroner 67 (inkludert glas og ramme) kvart år, uttaler Janne Nygård, som er leiar for Målungdomen.
- Eg vert sprø av alle desse målprisane!!!, ropar ein anonym eks-sivilarbeidar som fekk overdose ein februarmånad då han skulle oppdatere nynorsk.no med saker om kvar bidige lokalmålpris rundt om i landet.»