Ei uhorveleg takksam rørsle

Det hender frÃ¥ tid til annan at me som bryr oss om nynorsken – under nemninga «mÃ¥lrørsla», «nynorskfolket», eller liknande – fÃ¥r pepar for Ã¥ vera for surmaga og klagande. Kan henda er det ogsÃ¥ ei kjerne av sanning i det, jamvel om eg er ganske overtydd om at det er eit bitte lite mindretal som øydelegg ryktet til ei brei folkerørsle. Det tenkjer eg her og no ogsÃ¥ Ã¥ demonstrera i dobbel forstand, det vil seia ikkje berre ved Ã¥ svara pÃ¥ kritikken med eit venleg smil og positivt innhald, men ved Ã¥ visa til konkrete døme pÃ¥ korleis mÃ¥lrørsla spreier kjærleik og blomebukettar i eit imponerande tempo.

Dei siste tre dagane har ulike aktørar i rørsla delt ut ikkje mindre enn seks (!) prisar og utmerkingar. Eg nemner i fleng: Alf Helleviks Mediemålpris til Harald Thingnes (som tilfeldigvis er firmenningen(?) min), Samlagsprisen til Brit Bildøen, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris til Lars Moa (dette må vel vera det heftigaste namnet på ein nynorskpris!), Hulda Garborgs reisestipend til Svein Erik Brodal, Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin pris for offentleg målbruk til Sogndal Fotball (denne konkurrer for så vidt med Sokneprest-prisen i namnespørsmålet) og ikkje minst den ovgjæve Kringkastingsprisen til John Skien.

For uinnvigde lesarar er det kanskje lett Ã¥ tenkja at jau, jau, sÃ¥ var vel det Ã¥rets mÃ¥lprisbonanza og ferdig med det. I sÃ¥ fall er det berre Ã¥ tru om att. Prisgaloppen denne veka er berre kulminasjonen av ein lang og intens mÃ¥lprissesong, som oftast tek til litt utpÃ¥ nyÃ¥ret, nÃ¥r alle dei lokale mÃ¥llaga skal dela ut sine respektive mÃ¥lprisar, mÃ¥lblomar, mÃ¥lknivar og andre mÃ¥lartefaktar for Ã¥ verdsetja viktige krumtappar i den nynorske arken. Og for Ã¥ ha det presisert: At frekvensen er høgast pÃ¥ vÃ¥ren tyder ikkje at der ikkje er nokre prisar pÃ¥ hausten. To av dei mest prestisjetunge (ja, kall meg inhabil …), Dialektprisen som vert delt ut av Norsk MÃ¥lungdom og Kringkastingsprisen som vert delt ut av Kringkastingsringen, er mellom prisane som til vanleg vert delte ut i hausthalvÃ¥ret. Ã… driva mÃ¥lsak er med andre ord ein heilÃ¥rsfest.

SpørsmÃ¥la som melder seg i eit nyfike gutesinn som mitt eige, er kor mange nynorskprisar finst det eigentleg, og – sjølvsagt – kva for nokre heng høgast? Eg har nemnt Dialektprisen og Kringkastingsprisen som to av dei gjævaste, og i det selskapet høyrer vel ogsÃ¥ MÃ¥lprisen til Noregs MÃ¥llag heime – kanskje ogsÃ¥ med Nynorsk kultursentrum sin Ã…rets nynorskbrukar som «outsider», som det heiter pÃ¥ sidemÃ¥l. Dette trur eg nesten eg mÃ¥ greia ut om pÃ¥ eitt eller anna tidspunkt. Skal tru om det kunne vore ei bra tabloidsak til NMU-medlemsbladet Motmæle?

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

4 svar til Ei uhorveleg takksam rørsle

  1. Eg trur eg har laga ei sak om dette i Kringom ein gong, men då tok eg berre føre meg mediaprisane. Trur dei største kategoriane er media og litteratur, iallfall av dei nasjonale prisane.

  2. Vebjørn seier:

    Det trur eg nok du har rett i. I morgon skal det jo t.d. avgjerast kven som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar (som òg kjem høgt opp i klassen for «målprisar med lange og urytmiske namn»).

  3. Vegard seier:

    Eg stemmer for tabloidsak! «Inflasjon i mÃ¥lprisar – mÃ¥lungdom uroa for konsekvensane», sjølvsagt utan verballedd.

    Men nei, eg saknar ei oversikt over desse prisane. Var fleire der eg ikkje hadde høyrt om. Kan jo vere greitt å vite om dei. Det må vere kjedeleg å få ein pris ingen veit om?

  4. Vebjørn seier:

    Eg kan nesten sjå det for meg:

    «- Eg prisar meg lukkeleg, seier mållagsleiar Håvard B. Øvregård. Han meiner av prinsipp at kvar ein nynorskpris er ein god nynorskpris. Kultursentrumshovding Ottar Grepstad har ein noko meir differensiert målpristaksonomi:

    – Vi er først og fremst nøgde med Ã¥ ha dei største pengepremiane. Det gjer at det naturlegvis er vÃ¥re prisar som heng høgast, og eg vil gjerne minne om at vi har vore i denne posisjonen heilt sidan Nynorsk kultursentrum overtok tronen som den tyngst statfinansierte nynorskinstitusjonen i landet, utdjupar Grepstad.

    – I MÃ¥lungdomen er vi sjølvsagt positive til at andre deler ut prisar, men prisen vÃ¥r – Dialektprisen med stor D og i bunden form eintal – heng nok vesentleg høgare enn dei andre. Ikkje berre har vi erstatta pengesummar med ungdomeleg takksemd og entusiasme, men vi lagar altsÃ¥ attpÃ¥til eit skikkeleg glorete diplom som vi trykkjer opp til den nette kostnaden av kroner 67 (inkludert glas og ramme) kvart Ã¥r, uttaler Janne NygÃ¥rd, som er leiar for MÃ¥lungdomen.

    – Eg vert sprø av alle desse mÃ¥lprisane!!!, ropar ein anonym eks-sivilarbeidar som fekk overdose ein februarmÃ¥nad dÃ¥ han skulle oppdatere nynorsk.no med saker om kvar bidige lokalmÃ¥lpris rundt om i landet.»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.