Spørsmål for dagen:

Er det nokon nerdar der ut som veit kva i alle dagar som skal til for at WordPress skal forstå at eg har installert nynorsk språkdrakt? Altså, det er heilt greitt for meg at kontrollpanelet reint språkleg ser ut som manuset til ei Det Norske Teatret-oppsetjing av The Julekalender, men kvifor må det også vera slik i dei tekststringane som vert synlege for dei som slumpar til å streifa innom her? «Leave a reply», liksom?

(Og for dei som faktisk kanskje kan svara: Eg har installert Codestyling Localization-tillegget, reskanna språkfila opp og i mente, installert den nynorske språkfila på nytt, sletta henne og reskanna den gamle, etc. Det fungerte faktisk i nokre timar, før eg oppgraderte til WordPress versjon 3.1.2. Fuglane må vita kvifor.)

Dette innlegget vart lagt inn i meta med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Spørsmål for dagen:

  1. NÃ¥r du finn ut av dette, kan du samtidig fortelja meg kva eg skal gjera for Ã¥ «lokalisera» kringkastingsringen.no til nynorsk.

    Eg gjev sjølvsagt blanke i korleis kontrollpanelet ser ut, men til no har eg manuelt endra på tekststrengane i temaet (Twentytwo). Desse endringane i temaet vert sjølvsagt blåste kvar gong eg oppdaterer. Det gidd eg ikkje.

  2. Vebjørn seier:

    Éi løysing kan jo vera å laga eit eige tema, der omsetjingane skjer direkte i tekststrengane. Om det er eit eige tema som ikkje vert oppdatert, kan det jo henda du slepp unna oppdateringsfeila. Har vurdert å gjera noko tilsvarande her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.