Den som ventar på pengar, ventar forgjeves

Dag 1: Eg og <3 er heime i Stavanger, og har kjøpt konsertbillettar. Når me kjem ned til konsertlokalet får me ikkje sleppa inn, fordi lokalet er overfylt av folk med festivalpass til evenementet som konserten er ein del av. Me har enkeltbillettar til nett denne konserten, men kjem altså ikkje inn. Dag 1, litt seinare på kvelden: Eg sender e-post til festivalsjefen.

Eg hadde kjøpt to enkeltbillettar til XXX på YYY i kveld, men eg og kjærasten kom diverre ikkje inn, fordi lokalet allereie var overfylt. Korleis går eg fram for å få refundert utgiftene mine?

Dag 6: Ei snau veke har gått, og svaret lèt venta på seg. Eg purrar.

Eg sende denne e-posten for snart ei veke sidan. Håpar på snarleg svar.

Dag 12: Framleis tyst. Eg sender ny e-post, med kopi til tre andre kontaktpersonar som var å finna på festivalen sine heimesider.

Håpet mitt er at nokon av dykk kan få gjort kva enn det er som er naudsynt for at eg skal få svar, og for at me skal få ei løysing på saka snarast mogleg.

Dag 12: Svaret kjem raskt frå sjefen.

Vi har hatt problemer med mailsystemet vÃ¥rt kombinert med at undertegnede har vært syk. […] Det er bare Ã¥ beklage, men vi tar kontakt med dere igjen over helgen.

Dag 15: Det er tysdag «over helgen». Inkje livsteikn.

Dag 20: Svar frå ein av dei andre.

Jeg arbeidet som frivillig og var med for første gang. Jeg får dessverre ikke gjort mer. Var bare inne for å se om mailen var stengt eller åpen. Dersom jeg får kontakt med ZZZ personlig vil jeg fremme din sak. Beklager at jeg ikke kan gjøre mer.

Dag 23: Eg sender ny e-post og viser til e-posten frå dag 12.

Dag 32: Ny purring.

Dag 40: Endå ei purring. Litt morskare i tonen.

Gode ZZZ.

No er det 40 døgn sidan eg tok kontakt, og snart ein mÃ¥nad sidan du lova meg svar «over helgen».

Dag 40: Raskt svar frå ZZZ.

Jeg er fortsatt sykemeldt, men kan du sende oss ditt kontonummer og kopi av billettene ?
SÃ¥ skal jeg fÃ¥ satt ting i gang…

Dag 40: Eg sender billettar og kontonummer pronto.

Her er PDF med billettane innskanna. Eg kan senda kopi i posten også, dersom det er nødvendig.

Dag 40: Saka er tilsynelatande løyst.

Skal få satt over penger imorgen, og beklager ventetiden.

Dag 51: Ingen pengar er å sjå.

Eg vil nødig masa pÃ¥ sjukmeld mann, men no er det altsÃ¥ ti dagar sidan «imorgen», og eg har ikkje sett noko til pengane.

Dag 62: Ingen respons på over tre veker. Og ingen pengar. Vurderer kor lenge eg skal gidda å purra, og for den del kor lenge eg skal gidda å halda namn på evenement og arrangør anonymt.

Framhald fylgjer!

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Den som ventar på pengar, ventar forgjeves

  1. Vebjørn seier:

    Dag 68: Framleis tyst. Tønes-billettane er framleis ikkje refunderte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.