Problemet er ikkje på banen

0-1 heime mot eit av Noregs dårlegaste bortelag, 3 mål totalt og nedrykksplass er fasiten for Viking etter fem serierundar. Eg merkar at eg byrjar å verta pisselei, men det er slett ikkje Viking-laget som får meg til å nyva. Lat oss kort oppsummera gårsdagskampen fyrst:

Banespelet og sjansefordelinga kvitta ganske likt mellom laga. Strømsgodset sine sjansar var kanskje større, men til gjengjeld hadde dei god flaks då dei skåra. I banespelet var det mykje feilpasningar og jamt over betre forsvarsspel enn åtaksspel frå båe laga. For Viking sitt vedkomande såg det ut som om gutane har behov for litt meir terping på generell pasnings-/innleggspresisjon og på det å halda fatninga når ein får ballen på eigen halvdel, slik at det ikkje vert volleyballserving fram og tilbake over midtstreken mellom laga slik som det vart til tider i går kveld.

Alt i alt var tapet ganske surt, sidan banespelet burde tilsvara eitt poeng, og eg hadde vel vona at det skulle vera litt synlegare at det var Viking som hadde heimebane. Men lat meg presisera to ting: Det eine er at gutungane våre – Berisha og serleg De Lanlay – åleine gjer Viking-kampane verde å få med seg for tida. Eg toler greitt eit 0-1-tap på heimebane mot serieleiaren, når ein russ frå Vaulen driblar i åttetal rundt tre-fire motspelarar i slengen. Det andre er at eg ikkje trur eit sekund på at det litt hakkande offensive samspelet botnar i manglande innsats, inkompetente leiarar, feil talkombinasjonar i oppstillinga eller «goaskultur» og manglande ferdigheiter hjå spelarane. Problemet til Viking er ikkje på banen, og i det store og heile heller ikkje på stadion.

Eg byrjar nemleg å verta ganske overtydd om at Viking ikkje berre har den kvalitativt dårlegaste tilhengjarskaren i landet, men også den mest sjølvdestruerande. Når eg seier kvalitativt dårleg, meiner eg ikkje med det at siddisar bryr seg noko mindre om laget sitt enn bergensarar, haugesundarar eller trønderar gjer. Slå opp i næraste lokalavis eller nettdiskusjon, og du vil sjå at engasjementet og kjenslene er på plass, men dei vert disponerte på heilt feil vis.

Lat oss bruka den eigentleg ikkje så konstruktive fotballtilhengjarmetoden mot Viking-tilhengjarane: Er det ikkje slik at tilhengjarane, Stavanger-folket, Rogalands-folket, er den einaste variabelen i Viking-mattestykket som har vore nokolunde konstant i det siste tiåret med trofetørke? Har me ikkje bytt trenarar, spelarstall og støtteapparat i tide og utide? Har me ikkje bytt stadion, draktleverandør og innkjøpsprofil? Alt har vore prøvd, tilsynelatande utan å føra til noka betring – utanom det å byta tilhengjarar.

For å prøva å illustrera det eg meiner med eit døme, så vil eg påstå at om Yann-Erik De Lanlay hadde spelt for Brann, Vålerengen eller Rosenborg, så hadde tilhengjarane til det heldige laget som fekk ha han på banen rost han opp i skyene, kravd (om enn litt prematurt) fast plass på landslaget og prissett han til fleirfaldige titals millionar. Alt hadde kanskje ikkje vore heilt proporsjonalt med realitetane, og alt hadde kanskje heller ikkje vore veldig gjennomtenkt med sikte på å halda guten i kontakt med landjorda, men det hadde vore ein høgst forståeleg reaksjon på at ein lokal skuleungdom herjar med røynde ringrevar i elles solide forsvarsmurar. Men han speler for Viking, og då er han ein av to-tre som får «godkjent», eller kanskje til og med «er med og dreg lasset».

Eg er ikkje den fyrste til å tenkja i slike banar, for all del. Aftenbladet hadde (til ei avveksling?) eit par særs lesverdige artiklar i påska om korleis rogalendingar og siddisar har det med å piska seg sjølve og å aldri vera nøgde – men her er nok rom for meir utbrodering enn kva som fekk plass i spaltene. For greitt nok, la gå at Viking-publikummet er dei som i størst mon går frå stadion før kampen er slutt, at dei er det mest stillteiande publikummet i landet, at Viking-hymnen er spelt inn med kor (!) for at det ikkje skal høyrast for pinleg ut når 10 000 av 10 000 til stades held godt kjeft under «allsongen». Det kunne – isolert sett – vore eit sjarmerande særtrekk, men når bakteppet er ein tilhengjarskare som som ikkje ser dei ti gode involveringane fordi han fokuserer utelukkande på den eine dårlege, då vert det tydeleg at Vikings største fiende held til i heimfylket.

Det er ei opplesen sanning, som eg for så vidt sjølv lenge har stilt meg attom, at fotballspelarar som har spelt i Viking som regel var betre før og etter Viking-opphaldet. Eg har slutta å tru på det. Den sanninga har me skapt sjølv, på same vis som me skapar ei sanning om at då Viking i går spelte jamt med serieleiaren (som kom til tre sjansar), så gjorde me det i kombinasjon med totalt fråvær av offensiv samhandling, utbreidd mangel på innsats og rufsete forsvarsspel. Me ser ikkje opprullinga i forkant av sjansen til Berisha i fyrste omgang, me ser berre feilpasningar. Me ser ikkje ein ustø backvikar som trass alt nøytraliserer vingen sin i 89 av 90 minutt, me ser berre ein høgreback som har skulda for baklengsmålet. Me ser ikkje at Nevland kjem seg til ein kjempesjanse åleine gjennom, me ser berre at han snuflar i eigne bein. Utan å sjå at han gjer det fordi han har sprunge som ein helt frå fyrste sekund.

Eit herleg usakleg, men også sjarmerande trekk ved allmenn fotballtilhengjarkultur, er den ekstremt partiske haldninga til fordel for eige lag og eigne spelarar. Vel kan enkeltspelarar som presterer dårleg få høyra det, men jamt over er det alltid «mitt» lag som har uflaks, som får avgjerdene mot seg, som eigentleg hadde flest sjansar og som eigentleg hadde fortent å vinna. Kan henda hadde ein del tent på å sjå sitt eige lag med litt meir nøytrale briller, men i Viking er det stikk motsett. Om Viking vinn, er det flaks. Karrar me oss til uavgjort, er det enkeltmannsprestasjonar på trass av manglande fasong og samspel. Vert det tap er det fullt fortent, og eit sikkert teikn på at den sportslege dommedagen er nært føreståande. På same vis er Jone Samuelsen som driblar seg fast i Viking ein surrekopp som må seljast, men Jone Samuelsen som driblar seg fast i Odd er ein landslagsaktuell ballvirtuos.

Det store spørsmålet vert kva dette har å seia for prestasjonane på banen. Eg kan ikkje skjøna anna enn at det er heilt sentralt. Sjølv om spelarane har ein lønningspose, ei klubbhistorie og eit støtteapparat å spela for, så bur dei ikkje i pappøskjer, avskorne frå omverda og lokalmiljøet. Mentaliteten hjå publikum, i lokalavisene, i nettdebattane, i HP-bloggen, hjå dei fotballinteresserte som diskuterer Viking over frysedisken på butikken er så gjennomsyra av sjølvdestruksjonisme at det heilt openbart gjer det vanskelegare å etablera vinnarmentalitet i sjølve klubben. Profetiar har ein stygg tendens til å verta sjølvoppfyllande. Når me gjentek ofte nok at Sokolowski har tapt seg sidan han kom frå Lyn, som trur me på det sjølv, etter kvart byrjar omverda å tru på det, og til slutt trur han kanskje på det sjølv – og då er løpet køyrt.

For å runda av med ei lita statusoppsummering etter kampen i går: Me spelte jamt med serieleiaren, har to fantastiske unggutar, Noregs beste målvakt, eit nokså bra defensivt fundament, god innsats, og best av alt – me har endå mykje meir å gå på. Lovande, med andre ord! Lat oss berre håpa nokon kan mura igjen dørene på stadion med spelarar og støtteapparat inni, slik at dei kan arbeida fram suksess i fred, heller enn å verta brotne ned av omgjevnadene.

Dette innlegget vart lagt inn i fotball med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Problemet er ikkje på banen

  1. Hessaren seier:

    Forbod mot ålsong er vel mest ein uskriven regel hjå fansen. Det gjeng ikkje å halde på /badl/ i fotball der trønderane lett nok syng /ballll . . . lj/. Der er òg ei teiknisk utfordring: Skarre-r, som er kjend for å sprengja stereoanleggi og brjote sunder dyre mikrofonar. Det er no mogleg at eit kor med båe kan bli tolka som reint spott hjå ‘n Gud, såleis at han lét det regne blod og kallar pest over heile landsemnet.

  2. Vebjørn seier:

    Om det gjer stavangermålet meir umoralsk skal eg ikkje spekulera i, men det er nok ikkje så mange siddisar som seier «badl» … Og uanz – sogningane har då større dialektrytmiske utfordringar enn oss, men tronar likevel einsamt på toppen av lista over gode, norske fotballsongar (som for ordens skuld er ei ganske kort liste).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.