Oppfylgjaren til oppfylgjaren til Fugl Fønix

Ein roleg påskeferie var det som skulle til for å få totlevase.net opp på beina igjen. Det vil seia, opp på beina når det gjeld dei reint tekniske og visuelle løysingane. Ein feil eg har gjort litt for mange gonger er vel å lova bot og betring når det kjem til oppdateringsfrekvensen.

Men eg prøver igjen, like uklok av skade som alltid. No i litt meir blogg-aktig format, og med det eg vonar er ein endå litt penare utsjånad enn før. Visst var det vondt å kasta den lyserosa fargen på båten, men slik vart det no denne gongen. Med raudt hår, grøn bakgrunn og blå meny trur eg at eg skal ha dekt heile den politiske skalaen, og vonleg ser det litt friskare ut enn før. Merk at eg skriv vonleg, for fargen ser vesentleg meir pissegul og tilsvarande mindre frisk og fresk ut på nabomaskina her som køyrer Windows. Eg vonar det berre er den maskina som har litt vondt for det, for fonten ser heller ikkje særleg vakker ut der.

Uan-Z korleis det ser ut, så kan eg i alle fall informera alle dei som sit med mindreverdige operativsystem og nettlesarar rundt omkring om at på ein god skjerm, med eit fullverdig OS og ditto nettlesar ser det altså mykje betre ut. Så kan de ta det som eit hint.

SÃ¥, for Ã¥ avrunda dette «nye» fyrsteinnlegget i den heller uoriginale sjangeren «no skal det verta sving pÃ¥ sakene!»: Som eg varsla tidlegare skal eg prøva Ã¥ kvessa emna til Ã¥ handla mest om mÃ¥lsak og kvardagspjatt. Som eg òg kanskje har nemnt andre stader: Eg kjem aldri til Ã¥ klara Ã¥ halda meg. Nokre utblÃ¥singar kjem. Det er jo mindre enn eit halvt Ã¥r til valet …

Enn så lenge: Velkomen tilbake. Til meg sjølv, om ikkje anna. :P

Dette innlegget vart lagt inn i meta. Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Oppfylgjaren til oppfylgjaren til Fugl Fønix

  1. Jodå, gratla på ny ;-)

    Få upp heile arkivet ditt. Eg hev mykje av det mellomlagra i nyhendelesaren min, men det er greit å ha alt tilgjengeleg på sida.

  2. Vebjørn seier:

    Hehe, du er visst glad i arkivet mitt, kva? Ikkje fyrste gongen du spør. ;)

    Nei, eg får sjå når og om eg gidd. Vurderer om eg skal leggja ut heile, eller servera små tilbakeblikk frå «gamle dagar» etter kvart, som eit slags kvalitativt utval.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.