La oss demma opp heile Hardanger
Publisert 3.7.10 i spydigheiter – Hoho! 4 har kome deg i forkjøpet!
Prosjektskisse Hardangermagasinet
I vinter har bergensarane berre vore ein feil unna straumbrot. Derfor er det veldig gledeleg at energiminister Terje Riis-Johansen no har avgjort at det skal byggjast kraftline gjennom Hardanger, slik at om helvete frys over, så har i alle fall bergensarane straum til å halda varmen. Men kvifor så puslete, når det fyrst skal satsast?
La oss ta bladet frå munnen, kalla spaden for ein spade, og seia det alle eigentleg meiner: Dem opp heile Hardanger! Bygg demning frå Kysnesstranda til Omastranda, og eventuelt nokre sikringsmurar mellom Granvin og Voss. Resten tek fjella seg av. Tenk no berre på alle fordelane:
1. Det bur ingen der uansett. I alle fall ikkje så mange.
2. Dei naturskjønne områda forsvinn ikkje, dei vert berre lagra under vatn. Du verda, for ei turistnæring det kan verta med u-båtturar i Hardangermagasinet!
U-båtferd i Hardangermagasinet
3. Tenk så mykje miljøvenleg straum me kan eksportera! Eksportstraum frå Hardangermagasinet kan åleine vega opp for den belastninga oljeutvinning i Lofoten vil ha på klimaet.
4. Hardangermagasinet vert eit eldorado for oppdrettsbransjen. Ettersom villaksen uansett ikkje vil koma forbi demninga, er konfliktene knytte til oppdrettslaks – altså lakselus, genetisk utvatning, etc – eliminerte.
5. Og så prestisjen då, folkens! Hardangermagasinet vert tre gonger så stor som Oslo kommune i areal og femten gonger så stor som supermagasinet Blåsjø! For ikkje å snakka om at det vert verdas fyrste saltvassmagasin! Om ikkje dette er månelanding, så veit ikkje eg!
Viktigast av alt, sjølvsagt, er omsynet til våre eigne innbyggjarar. Difor er det så rett og viktig at energiministeren tek ansvar for at bergensarane skal vera sikre på at straumen aldri forsvinn, i staden for å ta smålege omsyn til estetikkromantikarane i miljørørsla. Både bygd og by må gje og ta, skal det verta heilskapleg politikk i god Senterparti-ånd.


Gulpa av Steinrausi
Saftigt spott, detta.
Mange Senterparti-veljarar tykkjer åtferdi i saki her er pinleg.
Publisert 2.8.10, klokka 12:49:28
Gulpa av Maria
Samd med Vebjørn! Me demmar opp heile driten, so slepp me i Oslo å sjå fulskapen!
Publisert 3.8.10, klokka 01:35:08
Gulpa av Vebjørn
Ein VG-lesar frå Trøndelag har teke saka heilt på kornet: “Som å male Nidarosdomen blå!“
Publisert 5.8.10, klokka 21:19:06
Gulpa av Synnøve
Eksportstraum frå Hardangermagasinet kan åleine vega opp for den belastninga oljeutvinning i Lofoten vil ha på klimaet.
Hehe. Høyrest ut som om å eta ei gulrot for å vega opp for sjokoladekaka. :-P
Publisert 9.8.10, klokka 21:20:34