Vebjørn si heimeside

Ein liten dose Vestlandet

Publisert 2.7.10 i kvardagskuriosumDu kan verta fyrstemann!

I dag, dvs. teknisk sett i går, tenkte eg at no var det på tide å skjemma meg sjølv litt bort. Eller, det eg tenkte var vel eigentleg «eg er svolten» og «makrell er billeg», men konsekvensen av det var no i alle høve at eg skjemde meg sjølv litt bort med ein skikkeleg makrellmiddag, med noko tilnærma ein gourmetdessert.

Sjølve matlaginga er ikkje så avansert, så den tenkjer eg ikkje å skildra i detalj. Fileter fisken, kok potetene, skjer opp agurken og legg han lagvis med sukker og salt, før du legg han under press, og etter ei stund så tilset du litt eddik. Voila. Derimot er resultatet ganske mykje meir interessant, ikkje minst i eit visuelt perspektiv, for å bruka litt svadapreik. Sjå berre her:

Saft frå Hervik Konservefabrikk

Jau, saft må til, og Hervik lagar den suverent beste. Litt synd at ei verksemd med poststaden Hervik i Ryfylke ikkje torer å bruka nynorsk som marknadsføringsmål, men om me ser bort frå den målpolitiske karakterbresten, så er det ingenting som kan måla seg. Jum, jum.

Steikt makrell, kokte poteter, agurksalat og rømme

Og så hoppar me rett på sjølve måltidet, lekkert dandert, og minst like velsmakande. Det er mest så eg har gløymt kor godt det er med steikt makrell!

Økologisk is

Dessert i to delar: Fyrst litt økologisk is – med nynorsk som marknadsføringsmål!

Jordbær

Til slutt: Ei korg med norske jordbær! Ahh …

Prislappen på makrellen var ikkje avskrekkande

Prislappen var heller ikkje til å få magesår av. I alle fall ikkje når det gjeld prisen på makrell. <3 sesongvare <3, lzm.

Her kan du dyrka egoet ditt, du òg!

Opphavsrett og slikt: Vebjørn Sture. Eg saksøkjer driten or deg om du kopierer!!!
Denne sida køyrer WordPress. Sjølv tek eg bussen, eller så syklar eg.