Vebjørn si heimeside

Litt velfortent reklame til Bergans

Publisert 1.7.10 i friluft,kvardagskuriosumDu kan verta fyrstemann!

Det er ikkje så ofte eg driv ukritisk hylling av kommersielle føretak, korkje på heimesida eller elles, men i dag er det på sin plass med ein god porsjon ros til Bergans. I korte trekk handlar det nemleg om at kanoen vår, som me kjøpte i fjor, har vore merkverdig trong og vrien å montera i år, noko som igjen har førd til bøygde stenger og mykje kav. Det førde igjen til at eg køyrde til Bergansfabrikken på Hokksund i dag, og makan til flott kundeservice har eg mest aldri opplevd.

La gå at e-postkorrespondanse med Bergans stundom kan gå litt treigt – for når du fyrst får tak i dei er det verkeleg god kundehandsaming å få. Eg hadde med kanoen ut, og vart ganske raskt møtt med godt humør og røvarhistorier frå friluftslivet. Ein kar frå salskontoret (Svein Jørgensen, heiter han. Han kan godt få litt «offentleg» skryt.) byrja montera kanoen, og fann ganske fort ut at duken hadde krympa sidan i fjor haust.

Så snart det var på det reine, var han ikkje sein om å spa fram ein splitter ny kano. Og ikkje nok med det: I tillegg til at eg fekk med ein pakksekk til kanoen og ei flaske vatn til turen heim! Eg ikkje fått montert og «sjekka» den nye kanoen heilt enno, men uansett fortener Svein og Bergans all heider og ære for eksemplarisk kundeservice.

Her kan du dyrka egoet ditt, du òg!

Opphavsrett og slikt: Vebjørn Sture. Eg saksøkjer driten or deg om du kopierer!!!
Denne sida køyrer WordPress. Sjølv tek eg bussen, eller så syklar eg.