Publisert 27.6.10 i fotball,fotball-VM,kvardagskuriosum – Du kan verta fyrstemann!
Me kan seia kva me vil om Tyskland, men dei skal ha kred for å ha skåna resten av VM for det engelske landslaget, og dei skal likefullt ha kred for denne makelause VM-songen:
Publisert 25.6.10 i kvardagskuriosum – Hoho! 2 har kome deg i forkjøpet!
Dei av dykk som kjenner Odin, hugsar kanskje denne höydaren frå dei tidene då Odin og eg hadde ein del felles togreiser att og fram på Sørlandsbanen. Det kan godt henda verda har gått framover sidan 2006, men på Sørlandsbanen går det mykje i same tralten – både i direkte og overførd tyding.
Publisert 23.6.10 i fotball,fotball-VM – Du kan verta fyrstemann!
Den siste månaden har det vore relativt populært å humra, om ikkje hånflira, av Argentinas landslagssjef Diego Maradona. Mantraet om at Argentina tapar på grunn av og vinn på trass av Maradona er ikkje berre frekvent hjå heller lite kredible kjelder av typen Dagbladet, mannen som snakkar med orddelingsfeil, og ein vilkårleg journalist i Adressa [...]
Publisert 21.6.10 i heimesida – Hoho! 3 har kome deg i forkjøpet!
Etter ein liten pause her på heimesida er det altså tid for relansering. Utsjånaden har fått ei overhaling, gamalt innhald er fjerna (utanom spørjespalta, naturlegvis), og eg tenkjer meg ei litt klårare kvessing av kva eg skal skriva om. Heilt ferdig er ikkje alt enno, men det skal koma om ikkje så brått. Inntil eg [...]