NM i sjølvpisking. Og snakk for deg sjølv, Bjarne Dæhli

Lat meg våga ein diverre ikkje så veldig spissformulert påstand: Når det kjem til spørsmål om «mangfald», og rekruttering, driv norske barne- og ungdomsorganisasjonar reine landskappleiken i krampaktig sjølvransaking. Me som er aktive i organisasjonslivet er nemleg skuldige i å berre rekruttera folk som liknar oss sjølve – visstnok.

Om du var i tvil, irriterer eg meg ikkje så reint lite over denne slutninga. Ikkje berre fordi ho er vilt synsande og udokumentert, men også fordi ho er direkte destruktiv. Eitt døme på dette gav Bjarne Dæhli, tidlegare leiar i samdriftsfjøset for norske politikaraspirantar* (LNU), til Framtida på onsdag:

Eg trur [...] vi som er i organisasjonane, er litt for flinke til å rekruttere folk som liknar oss sjølve

Ja vel. Det kan Bjarne Dæhli gjerne «tru», utan at det dimed osar empirisk tyngd av analysen hans. Men lat oss no gløyma ein augeblink at det er snakk om ein udokumentert «følelse», og lata som om det stemmer: Kva haldningar avslører Dæhli då med ordvalet sitt? Han kunne uttalt at organisasjonsfolk burde verta flinkare til å rekruttera folk med annan bakgrunn enn dei sjølve, men han formulerer seg, som me ser, litt annleis. For å parafrasera Dæhli, om enn litt spissformulert: Organisasjonsfolk burde verva færre som liknar dei sjølv. Ergo bør du vurdera å unngå medlemsskap dersom du er «for lik» dei som allereie er med.

No reknar eg sjølvsagt med at det ikkje var heilt slik Dæhli meinte det. Likevel er det dette som er det underliggjande signalet folk i ungdomsorganisasjonar sender til seg sjølve og kvarandre gjennom den evinnelege sjølvpiskinga: Me er for like, det er negativt at det er så mange like folk med her, og det er vår eigen feil, fordi me er ekskluderande og selektive.

Det er opplagt berre fjas. I den grad der er noko problem her, så er det at det er færre folk frå enkelte grupper, ikkje at der er for mange av alle andre. Det kan då aldri verta for mange. Men lat oss sjå litt på dei som «manglar». I Framtida-artikkelen Dæhli uttala seg i, kom det fram frå forskarhald (altså noko som i motsetnad til Dæhlis synsing kan minna om empiri) at:

Dei som står lengst utanfor organisasjonslivet er menn mellom 19 og 30 år, som ikkje har fullført vidaregåande utdanning.

Det er med andre ord desse me må rekruttera mange nok av, skal me unngå Dæhlis peikefinger (Dæhli meiner nemleg også at organisasjonane er «inkluderingstrøytte», kva no enn det måtte tyda). Men kva får Dæhli til å tru at me unnlèt å prøva å verva desse i dag? Er det verkeleg organisasjonsaktivistane sin feil at dei som fell utanfor i skuleverket også fell utanfor i organisasjonslivet? Er det verkeleg her problemet ligg?

Om så var: Kva vil Dæhli eigentleg me skal gjera annleis? Korleis skal me aktivisera dei, som sjølv ikkje millardsummane på skulebudsjetta klarer å aktivisera? Skal me stilla på aksjon med plakatar av typen «Har du tenkt å droppa ut av skulen? Bli medlem hos oss!»? Skal me satsa på skulerådgjevarkontora som eit strategisk verveareal, under hypotesen om at dei som droppar ut, oftare frekventerer desse kontora før dei kuttar skulen heilt? Eller skal me oppsøkja dei i etterkant av utdroppinga, på NAV-kontoret, med verveblokker og flygeblad?

Når me driv oppsøkjande verving, prøver me naturlegvis å få snakka med så mange som mogleg, uansett kva kjønn, legning, politisk grunnsyn, studieretning, inntekt eller framtidig inntekt vedkomande har. Med andre ord prøver ungdomsorganisasjonane å rekruttera kven som helst, mann eller kvinne, høgt eller lågt utdanna. Det utopiske målet er å nå ut til alle, slik at absolutt alle som eigentleg kunne tenkja seg å vera medlem, faktisk melder seg inn.

For å strekkja seg mot dette, held det ikkje berre å prøva å treffa og snakka med folk. Ungdomsorganisasjonane (og dei fleste vaksne) held seg då også med andre metodar å nå ut på. Det kryr jo ikkje akkurat av potensielle vervearenaer der «menn mellom 19 og 30 utan vidaregåande utdanning» samlar seg for å kopa. Derimot har dei akkurat same høvet som alle andre til å klikka seg inn på heimesider, youtubekanalar, facebookgrupper og andre plassar der organisasjonane gjer seg lekre. Og der får dei også akkurat det same høvet som alle andre til å melda seg inn, og deretter får dei akkurat det same høvet som alle andre til å delta i organisasjonen. At dei sjølv vel å la vera, må me slutta å klandra dei som er aktive for.

Det er noko som heiter at den som ikkje møter opp, heller ikkje får vera med og bestemma. I og med at så å seia alle ungdomsorgansiasjonar i Noreg er opne for kven som helst, kan folk som ikkje «føler seg spurde» fyrst og fremst lasta seg sjølve. Det er berre å melda seg inn, å møta opp, å delta. Ingen hindrar dei i det.

Heldigvis har Bjarne Dæhli ein sann vedundermetode, slik at me slepp å seia det så brutalt som eg nettopp har gjort. For visst finst der ei underarmspute, skreddarsydd av LNU, som alle organisasjonar kan bruka for å lokka til seg dei som fell utanfor, nemleg «fokus på mangfald og inkludering». Og for dei som ikkje skjønar heilt kva det tyder, frykt ikkje! LNU har jo også skjenkt oss ein «mangfaldsguide». Kva skulle me vel gjort utan.

Lagt inn i politikk | Med merkelapp , , | 3 lesarar har lagt att eit svar

Å skjemmast for sitt lands eige tungemål

For å resirkulera eit gamalt ordtøke: Det er ikkje sidemål alt som lagar leven. Ikkje før hadde VG mekka ein liten nynorskquiz, så fekk dei språkrådsleiaren og halve nynorskriket på nakken. Dei hadde nemleg gjort den kardinalsynden det er å laga vanskelege spørsmål til ein spørjeleik.

Lat oss sjå på eit lite utval av reaksjonane frå meir eller mindre profilerte målfolk. Hanne Blåfjelldal, sentralstyremedlem i FrP, sa det slik:

#Vg er med på å skape fordommar mot nynorsk gjennom sin idiotiske nynorsktest som ligg ute no. Nesten berre fjøslatin og dårleg nynorsk! (Twitter @Blaafjelldal)

Over til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, nynorsk leksikonredaktør og mediekjendis:

Omlag halvparten av nynorskkvissen i #VG inneheld ord som nynorskbrukarar flest ikkje brukar. Og «motemolo»?! Skjerpings! (Twitter @gregoriusdotter)

Me held fram med NRK-journalist Arve Uglum:

Dessutan er #vg sin «nynorsk-quiz» det mest lågpanna eg har lest på nettet nokon gong. Kommentarfelta i Dagbladet inkludert. Gratulerer. (Twitter @arveuglum)

Og så rundar me av med språkrådsleiar, kultursentrumsdirektør og Nynorsk forum-hovding Ottar Grepstad:

Denne testen ser eg på som reint møl. [...] Desse testane undergrev nynorsken.
(Møre, 31.01.2012)

Liknande reaksjonar hagla i sosiale media. Folk kjende seg utdritne, uthengde og låtteleggjorde – på vegner av seg sjølv, målet sitt, eller båe delar. Grunngjevingane var mykje som over: Nynorskorda VG var freidige nok til å testa lesarane sine i, var fjøslatin, dårleg nynorsk, ord nynorskbrukarar ikkje brukar, gamaldagse, og det som verre er.

Her må det – openbert – liggja noko bak. Aftenposten og andre har i ei årrekkje presentert diverse ordtilfangsquizar på bokmål, utan at bokmålsbrukarar landet over reiser bust for ord som vederkvegelse eller billighetserstatning. Kvifor er det slik at bokmålsbrukarar tykkjer det er lærerikt å stå fast når dei skal definera beveggrunn, medan nynorskbrukarar kjenner seg utdritne når dei vert konfronterte med spørsmål om kva åtgaum tyder?

Tillat meg å føreslå tre hypotesar:

1) Også nynorskbrukarar og målfolk har fordomar mot nynorsk.
Eit ord som vørdnad er objektivt sett ikkje meir gamaldags eller fjøslatin enn respekt. Sistnemnde kjem jamvel frå ekte latin! Fordomane mot resten av orda i VG-quizen kan plukkast frå kvarandre på same viset. Nedsetjande påstandar om delar av det nynorske ordtilfanget kan berre grunngjevast subjektivt. Folk føler at det er slik, utan å reflektera for mykje om kvifor dei føler det slik.

2) Den viktigaste fordomen: at bokmål er meir moderne.
Bokmål er ikkje meir moderne. Bokmålet spring ut av den danske skriftkulturen, som står i ubroten rad mange hundre år tilbake. Nynorsken er, i skriftleg forstand, som ein ungfole i forhold. Likevel er det utelukkande dei nynorskorda som skil seg klårt frå bokmålet, som vert rekna som gamaldagse, umoderne, og så bortetter.

3) … og difor er sjølv stolte nynorskingar flaue over språket.
Dette er litt på spissen, men misforstå meg rett: Nynorskingar som reiser seg og seier i frå når dei kjenner at nokon trakkar dei på tærne, er sjeldan flaue over å bruka nynorsk, over å vera nynorskbrukarar. Var dei det, ville dei ha halde godt kjeft. Derimot tykkjest urovekkjande mange av dei å skjemmast over sjølve språket, nettopp fordi dei opplever delar av det som avleggs og gamalvore. Når nokon då viser fram fjøslatinen, reagerer mange med ei kjensle av å verta assosierte med ein del av nynorsken som dei ikkje vil identifisera seg med. For kven vil vel vera umoderne eller gamaldagse?

Det triste her er at hypotese nummer 2 og 3 er konsekvensar av den seigliva nummer 1, nemleg at sjølv nynorskbrukarane ber på fordomar mot sitt eige språk. Det er kanskje ikkje så rart. Nynorskingar lever ikkje i noko vakuum, åtskilt frå pubertale skuledebattar eller redaksjonelle nynorskforbod. Dette påverkar naturlegvis korleis me ser på vårt eige språk – og ikkje minst korleis andre ser på det. Når me nynorskfolk lèt bokmålet vera rettesnora for kva som skal vera «normalt» og «moderne» nynorsk, er det neimen ikkje rart at også bokmålsbrukarar ser litt skeivt på skriftspråket vårt.

Er det framleis ekkelt å tenkja på at sume kanskje flirer litt? Ja vel. Ta det med eit smil, slå eventuelt tilbake om det ligg noko nedlatande i botn, men ver ikkje flau. Nynorsken vert aldri «normal» dersom me skal distansera oss frå kvart einaste nynorskord som ein tilfeldig bokmålsbrukar ikkje har lært. Det tyder ikkje at eg plent vil du skal skriva hugnadsam i hytt og gevær – eg drit heilt ærleg ganske langt i om folk skriv konservativ eller radikal nynorsk. Men på same måte som eg ikkje skjemmest over at folk skriv bestille på nynorsk, så skal heller ingen skjemmast over at andre skriv tinge. Såpass rause får me vera med kvarandre.

Ivar Aasen sa det best allereie i 1836: Lat oss setja fordomane til sides, og ikkje skjemmast for å bruka vårt eige lands tungemål.

Lagt inn i målsak | Med merkelapp , , , , , , , | Legg att eit svar

2011-ordlista

Drit i riksmålsordlista, den nye nynorsknorma og Helleviks vesle gule – skal ein forstå samtida, held det ikkje å kunna bøya orda rett. Det avgjerande er å skjøna tydinga av nye ord og uttrykk som dukkar opp. Difor, som ei romjulsgåve til journalistar, politiske kommentatorar, og eventuelle andre som ikkje har greie på kva dei snakkar om: Her er ein kjapp, ualfabetisk guide til dei viktigaste omgrepa me lærte i året som snart er over.

å «bli hørt» – å få kronikkar jamleg på trykk i landets største aviser, til utelukkande positiv respons

ytringsfridom – sjå å «bli hørt»

innskrenka ytringsfridomen – å seia til nokon at du er usamd med dei

knebling – å argumentera for det

tora å ta debatten – å sleppa misantropar utan skriveferdigheiter til i debattspaltene

debatten om debatten – avisredaktørar som forklarer at misantropar utan skriveferdigheiter må sleppa til i debattspaltene av omsyn til ytringsfridomen (sjå ytringsfridom)

ta ytringsansvar – å halda kjeft for å unngå at det du seier kan verta misbrukt av andre

den unge venstresida – Mimir Kristjansson og Eivind Trædal

vanlege folks rettskjensle – Per Sandbergs rettskjensle

paranoid psykose – dårleg bortforklaring

rettspsykiater – tilfeldig person som ikkje har meir greie på psykiatri enn Per Sandberg

ekspert – person som er negativ/kritisk til noko ein faktisk ekspert meiner

smørkrise i Noreg – stoffmangel i rikspressa

Lambda – norsk storfe, type gullkalv

Bjørvika – Nirvana

Tøyen – Gehenna

datalagringsdirektivet – EU-direktiv som sikrar at dokumentasjonen på det manglande demokratiske sinnelaget i Noregs to største parti skal lagrast i minst to år framover

ekstremvêr – snø i desember

Det skulle vel vera det. Eller har eg gløymt noko?

Lagt inn i politikk | Med merkelapp , , , , , , , | Legg att eit svar

Kjende og kjære nisseluer

Det å vera heiltidstilsett nyhendekommentator er eit fjollete konsept. Kvar einaste dag skal dei fylla ei viss mengd spaltemeter med ukvalifisert synsing i aust og vest, framstilt som faktabasert innsikt. Likevel, eitt skal eg ikkje halda i mot det såkalla kommentariatet, sjølv om det tok feil: Spådommen om at Noreg ville forandrast for alltid som fylgje av 22. juli.

For all del, 22. juli hamnar lynraskt i historiebøkene som ei av dei – om ikkje den – mest dramatiske og grufulle hendinga/-ane i Noreg nokon gong. Me har fått eit nytt skilje i tid, eit nytt før og etter. Men har me fått eit nytt samfunn, slik mange av oss kanskje trudde, frykta eller håpa?

Det verkar ikkje slik. No meiner eg – for alt i verda! – ikkje å underslå den ufattelege omveltinga altfor mange familiar og pårørande har opplevd frå og med i sumar, men: Samfunnet vårt, Noreg som heilskap – det framstår som påfallande likt slik det var før sumaren.

Sjå berre på kva som har forma det norske nyhendebiletet utover hausten, etter at ting byrja koma sånn nokolunde tilbake til normalen. Kulturdebatten roterer framleis rundt Karl Ove Knausgård – som i fjor, og året før det, og året før det. Nyttejournalistikken er like opphengt i lågkarbo som tidlegare, den politiske dagsordenen handlar primært om smørmangel i verdas rikaste land (i fjor var det vel ribba det var manko på?), forutan ein og annan heksejakt, og når kringkastinga er tema, er det som vanleg seksualutforskingsprogrammet Trekant som får på pukkelen for å vera for seksuelt utforskande. Det er noko mistenkjeleg velkjent ved det aller meste av det, og der er meir der det kjem frå:

Utanriksdekninga handlar (igjen) om French og Moland i Kongo. Den hovudstadsprovinsialistiske lat-oss-gje-ei-lokal-fillesak-status-som-nasjonalt-vegskilje-kvoten har no i desember vorte oppfylt av ein diskusjon om kor vidt Munch-museet bør liggja på nordsida eller sørsida av jernbanespora. Nyhendebiletet generelt fekk – tradisjonen tru – eit par dagars pause då landets leiande redaktørar og journalistar oppdaga at der fall snø i advent – vinterstid i Noreg! Herlegdomen kulminerer i desse dagar med ei sak om at elevar ved ein skule på i Drammen ikkje fekk ha på seg nisseluer.

Jaudå, visst har 22. juli også vorte grundig dekt utover heile hausten. Det går knapt ein dag utan at me ser fjeset på terroristen på trykk, og me har – som forventa? – sett fleire utspel frå andre hald i samband med dette. Me har sett krav om meir overvaking, fleire innskrenkingar av ulike slag, strengare straffer, forbod mot valdelege dataspel, debatten om debatten, og debatten om den igjen, og så bortetter.

Likevel: Trass i alle dei 22. juli-relaterte sakene som har vorte publiserte i hopetal i snart eit halvår i strekk, ser det ikkje ut til at resten av nyhendebiletet – den «normale» delen av det – har late seg forandra noko særleg. Framlegg om illiberale, fridomssnevrande innskrenkingar og forbod hadde me like mykje av før sumaren (datalagringsdirektivet, til dømes), frykta for dataspel er eldgamal, og ærleg talt er det vel ikkje så uvanleg at norsk politisk debatt ofte degenererer til metadebattar om kven som har sagt kva og kven som kneblar kven, i staden for å handla om kva som faktisk er vist og gale. Piffikrydderet i denne politiske posebéarnaisen får vera dei politiske kommentatorane, som, på akkurat like uelegant vis som før, stolt viser fram sine eigne fotavtrykk frå den eine salaten og hin etter.

SVs Thor Egil Braadland var inne på noko av det same i Dagbladet i september:

22. juli vil bli en historie om et samfunn som ikke endret seg en millimeter. Dessverre.

Braadland kan fort visa seg å få rett i at samfunnet vårt, litt spissformulert, ikkje endra seg ein millimeter. Spørsmålet er om det er så veldig negativt. For all del, det hadde vore kjempegreier om Noreg over natta vart eit endå opnare, endå meir demokratisk og endå meir humant samfunn – og kanskje verka det slik i den tilstanden me var i kort tid etter 22. juli. Men med utgangspunkt i at me hadde eit temmeleg ope, demokratisk og humant samfunn frå før, er det då så gale om me faktisk ikkje har late terroren forandra oss?

Misforstå meg rett: Eg vil gjerne at Noreg skal endra seg i positiv retning, men enn kor idiotisk eg synest mediebiletet er, enn kor barnsleg, sneversynt og usolidarisk det er å klaga over smørmangel når ungar svelt i hel på Afrikas horn, så er det noko trygt og stødig over det å sjå eit samfunn som evnar å irritera seg over slike bagatellar berre nokre få månader etter å ha vorte utsett for den verste hendinga i kvinns minne. Det er noko gjenkjenneleg og stabilt over det å sjå politikarar hissa seg opp over om skuleborna går med nisseluer eller ikkje.

I det store og heile kan dei siste månadene oppsummerast med at Noreg har halde nisselua nedover hovudet på akkurat same måte som før. Kanskje gjer det oss ikkje umiddelbart til eit endå betre samfunn, men det viser i alle fall at sjølv ikkje barbariske terrorhandlingar har fått oss ut av det me vel får definera som «fatning». Og det er jo alltids eit pluss å ta med seg i arbeidet for å få nisselua opp ovanfor augo på friviljug vis.

Lagt inn i kvardag, politikk | Med merkelapp , , , , , , , , | Legg att eit svar

Horehus og religionsfridom

Dagens mest ambivalente oppleving: Å finna ei sak på Dagbladet.no som faktisk handla om relevante nyhende. Berre det å finna noko i rikspressa som ikkje handlar om smør, lågkarbo eller pupp er opplyftande i seg sjølv – men desto meir deprimerande var temaet: Helseminister Strøm-Erichsen synest ikkje det held å velsigna omskjering, ho vil også tilby det ved norske sjukehus.

Dei raud-grøne er splitta, både seg i mellom, og internt i partia. Tilhengjarane Dagbladet har snakka med, er helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og stortingsvisepresident Akhtar Chaudry. Dei argumenterer slik:

Det er riktig at inngrepet gjøres på sykehus og med godkjent personell som sikrer forsvarlig behandling
(Strøm-Erichsen)

Dette er en minst 3000 år gammel tradisjon, som kommer til å fortsette. Det eneste riktige og fornuftige er å regulere det. Ellers vil man gå under jorda, eller reise til utlandet med alt det fører med seg av helserisiko.
(Chaudry)

Noko av det som slår meg, er at argumentasjonen er til forveksling lik argumenta for statlege bordell. Den diskusjonen var vel heitast i Noreg mot slutten av 1800-talet, men argumentasjonen har ikkje forandra seg så mykje. Er det ikkje tryggare for dei prostituerte å vera i statleg hus, med godkjent helsepersonell, som sikrar forsvarleg «kundebehandling»? Er ikkje prostitusjon ein minst 3000 år gamal tradisjon, som kjem til å halda fram uansett?

Særleg interessant er det å jamføra Chaudrys «gå under jorda»-retorikk med argumentasjonen Chaudry sjølv førte for tre år sidan, då han arbeidde for kriminalisering av horebukkar:

Å kriminalisere kjøp av sex vil være et viktig signal om at det er uakseptabelt i et likestilt samfunn. [...] Norge vil nå bli et mindre attraktivt mål for menneskehandlere [...] På denne måten blir sexkjøperne ansvarliggjort
(Chaudry 18.04.2008)

Uansett kva ein meiner om at horebukkane vart kriminaliserte, så står argumentasjonen her i grell kontrast til den unnfallande haldninga Chaudry viser når det kjem til omskjering. Vil ikkje eit forbod mot omskjering vera eit viktig signal om at det er uakseptabelt i eit humant, ikkje-valdeleg samfunn? Ville ikkje Noreg då verta eit mindre attraktivt mål for folk som likar å skjera og kutta i forsvarslause smågutar sine kjønnsorgan? Ville ikkje omskjerarar og foreldre som lèt ungane sine omskjerast, då verta ansvarleggjorte?

Svara er høvesvis jau, jau og jau. Så kvifor snur Chaudry kriminaliseringskappa si 180 grader med ein gong temaet skifter frå folk som kjøper sex til folk som kuttar ungane sine med kniv? Eit anna sitat frå den same Dagbladet-artikkelen gjev oss eit hint:

Dette handler om religionsfriheten til jøder og muslimer
(Chaudry)

Jasså. Lat oss ta «horetesten» igjen: Dersom det høyrde til visse religionar å kjøpa sex, ville kriminalisering plutseleg vore utelukka? Eg trur ikkje det. Men la oss avrunda gjettingane, og gå rett på den forskrudde definisjonen av religionsfridom som Chaudry legg for dagen:

Er det ikkje slik at religionsfridom handlar om å kunna tru på kva ein vil, vedkjenna seg kva religion ein vil og forkynna kva religion ein vil? På kva tidspunkt definerte me religionsfridom til å vera fridomen til å kunna ta dei valdelege konsekvensane av eiga overtyding, eventuelt også med statleg velsigning, finansiering og tilrettelegging?

For det er fysisk vald dette handlar om. Å skjera av delar av kroppen på ikkje-samtykkjande born, kan umogleg kallast anna enn det ordboka definerer som brutal bruk av fysisk makt; maktmisbruk. Det er å gjera ein fysisk, livslang, irreversibel og potensielt skadeleg endring på kroppen til små ungar, utan at dei har nokon sjanse til å velja, innvenda eller motsetja seg.

Helseminister Strøm-Erichsen prøver å gardera seg mot fakta, ved å visa til at «understreker at omskjæring av gutter og jenter er svært forskjellige inngrep og ikke kan sammenliknes». Det er for så vidt sant at dette er to ulike typar barnemishandling, som ikkje kan samanliknast reint praktisk. Argumentet hennar er likevel knekkjande irrelevant, fordi:

A) Om ei handling eller ein (u-)skikk er uakseptabel, er ikkje eit spørsmål om handlinga/skikken er like fæl som det verste. Incest er forbode, jamvel om valdtekt er verre. Det eine utelukkar ikkje det andre.

B) Sjølv om det – i ei hypotetisk verd – var slik at ingen omskorne gutar opplevde noko negativt, korkje helsemessig eller på anna vis, ved å omskjerast i ung alder, så ville det framleis vore uetisk å påføra dei religiøst motiverte fysiske mein. Jamvel om desse meina ikkje var til skade for nokon, så ville det vera å fråta alle gutar retten til å råda over eigen kropp. Kva vaksne menn vel å gjera med kroppen sin når dei er myndige, er deira eiga sak, men når dei er to, fire, åtte eller tolv, så er dei ikkje i stand til å ta ei kvalifisert avgjerd. Det er ein grunn til at me har ein myndigheitsalder.

Nokre vil kanskje innvenda med at foreldre uansett har temmeleg vide fullmakter til å klussa med sinnet til ungane sine, at dei har rett til å oppdra ungane sine i ei viss tru, eventuelt til visse vrangførestellingar. Den prinsipielle skilnaden er likevel tydeleg i det at å verta oppdregen som t.d. kristen, ikkje nødvendigvis inneber at du må vera kristen resten av livet (det er eg eit levande døme på). Derimot, om foreldra mine var galne nok til å skjera av meg ein kroppsdel, ville eg ikkje kunna utbetra den skaden ved å «koma på andre tankar» etter fylte atten år.

Saka om guteomskjering på norske sjukehus kokar ned til ei krampaktig frykt for å krenkja religionsfridomen. Det bisarre paradokset er at den valdelege utøvinga av han – dvs. omskjering – i seg sjølv undergrev religionsfridomen til dei gutane som vert omskorne. Gutane vert underlagte ei form for religionstvang, fordi staten tillèt, finansierer og legg til rett for at religiøse foreldre skal hindra ungane sine i å kunna velja bort religionen dei veks opp med – gjennom at det religiøse kjennemerket for alltid vil vera ein del av ungane sine kroppar.

Det er nesten så eg ikkje veit kva som er verst: Den brutale uskikken det er å omskjera born, eller det at norske toppolitikarar legg til rette for det. Begge delar er i alle tilfelle direkte fråstøytande.

Lagt inn i politikk | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit svar

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.